Volda

«Nye smitta har truleg nyleg hatt kontakt med fleire»

To nye smittetilfelle, og måndag vart mange nye testa ved Volda ungdomsskule.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Det er grunn til å tru at dei nye smittetilfella i Volda har hatt kontakt med fleire andre personar i dagane før smitta vart påvist, og vi gjer no det vi kan for å kartleggje dette.

Det sa kommunaldirektør Rune Sjurgard og ordførar Sølvi Dimmen på Volda kommune si daglege pressekonferanse måndag.

Måndag morgon vart det klart at to nye personar i Volda har testa positivt for koronasmitte, og dermed er det registrert tre korona-smitta i Volda. Den eine av dei nye smitta har vore i kontakt med den første smitta, medan den andre er smitta «innanlands», som kommunen skreiv i ei pressemelding før pressekonferansen. I meldinga stod det også å lese at «Vi har ukjende smittekjelder som helsetenesta ikkje har kontroll på».

Lokalt

- Betyr det at begge er smitta lokalt?

-Det veit vi ikkje. Den eine har altså hatt kontakt med den første som fekk påvist smitte i Volda. Den andre er smitta innanlands, kvar veit vi ikkje.

- I pressemeldinga vert det nemnt at ein har smittekjelder i Volda helsetenesta ikkje har kontroll på. Betyr det at nokon av dei smitta har hatt kontakt med fleire andre i dagane før smitta vart konstatert?

Ordførar Sølvi Dimmen og kommunaldirektør på Volda kommune sin korona-pressekonferanse måndag.  Foto: Volda kommune

Må pårekne fleire

-Det er rimeleg å tru det. Vi må pårekna at fleire i Volda er smitta utan at vi no har kontroll på det. Når det gjeld dei tre som har fått påvist smitte, driv vi ei grundig oppfølging for å lokalisere dei desse har hatt kontakt med. Det viktige no er å halde smittetalet nede, så vi ikkje sprengjer behandlingskapasiteten.

- Ordføraren i Vanylven fryktar at Volda og Ørsta si avvising av å følgje Fylkesmannen si karantene-tilråding kan auke utbreiinga av smitta i regionen. Kommentar til dette?

- Vi legg vekt på å følgje dei nasjonale retningslinjene, og oppmode folk til å ha minst mogleg nærkonakt og vere nøye med hygienen. Å stenge grensene til Møre og Romsdal vil ikkje gjere det trygt, sidan vi allereie har smitten her i fylket.