Ein evig optimistisk Jan Endre Vartdal trur på framtida

- Vi skal gå i 17. mai-tog – saman!

Jan Endre Vartdal trur på lysare tider.  Foto: Arkivfoto: Svein Nordal

Nyheiter

- No må ikkje folk miste motet! Svartsinn og pessimisme må ikkje få overtaket. Eg trur at vi om to månader alle kan gå i 17. mai-tog saman.

Det seier Jan Endre Vartdal – som altså er Vartdal Plast-sjefen og elles ein mann som har engasjert seg i mangt og mykje.

Og midt i ei vanskeleg tid oppmodar han folk sterkt til ikkje å sjå for mørkt på framtida.

- Men 17. mai er under to månader til – medan pessimistane pratar om både eitt og to år med korona. Er du ikkje litt vel optimistisk, Jan Endre?

-Vel – ei av mine svakheiter er heilt sikkert at eg er veldig optimistisk, - kanskje for optimistisk. Og eg er sjølvsagt ingen spåmann. Men likevel: Om alle no trur at dette blir verst tenkjeleg, så gjer det skade. For då vert det jo gale då!

Må ikkje overdramatisere

- Eg meiner at det er både media og andre sitt ansvar å prøve å unngå å spreie for mykje pessimisme, og faktisk dramatisere dei store problema vi er inne i. Ingen er tente med å drive skremselspropaganda, verken om kor farleg korona er, eller om at næringslivet vil kollapse, meiner Vartdal.

Dagleg høyrer vi fæle nyheiter om stadig fleire smitta dei fleste andre stader enn Kina, og også stadig fleire døde. Både i utanlandske medier, nettaviser og Debatten på NRK1.

- Og det må vi ta innover oss men vi må og huske på at dei fleste faktisk blir friske og at den nasjonale dugnaden nettopp handler om at vi skal stoppe spreiinga og redusere omfanget for at vi raskast mogleg skal kome oss tilbake til normalen.

Tragiske konkursar

Seier Vartdal, som absolutt ikkje vil bagatellisere stoda:

- Nei, det er ei vanskeleg tid, og vi ser allereie dei første konkursane, som er svært tragisk.

- Vi skal sjølvsagt ikkje bagtellisere at det er kritisk det som skjer no , vi som samfunn gjer dei grepa vi kan for å minimere skadene slik at flest mogleg av oss kjem gjennom krisa. Vi treng eit mangfaldig næringsliv også etter desse intense veken. Dette er ein dugnad, ingen går skadeslause gjennom denne krisa , men vi må alle bidra og ikkje minst halde motet oppe , seier Vartdal.

Han påpeikar at vi skal tilbake til ein betre kvardag etter dette, og då gjeld det å ha trua.

Kjempejobb

- Vi ser at helsevesenet gjer ein kjempejobb, og at omtrent alle følgjer råda dei gjev, sit på heimekontor og gjer mange andre tiltak for å stoppe smitta. Og då må vi stole på at dette hjelper. Eg trur det – eg trur at når vi kjem ut i mai, er situasjonen betre – vi ser at tiltaka hjelper, at folk har blitt friske igjen. Kanskje bommar eg med nokre veker, men det gjeld å ha milepælar – som til dømes 17. mai.