Studentar sitt koronafaste og får merke den svake kronekursen

- Vi blir ramma hardt økonomisk

Caroline Erviksæter er leiar i Forskarforbundet student og student ved Høgskulen i Volda  Foto: Privat

Nyheiter

– Alle lever no eit kaosliv, og det er naturleg med den situasjonen vi er i. Økonomisk blir svært mange ramma i samfunnet, også studentane. Nye vedtak som er fatta gir ikkje studentar dagpengar. Dette er noko som Norsk studentorganisasjon og vi i Forskarforbundet student er heilt imot. Løysinga som vert skissert no vil gje mange meir lån oppå studentlåna som dei allereie har, seier leiar Caroline Erviksæter i Forskarforbundet student som og er student ved Høgskulen i Volda.

Mange studentar har deltidsjobb og på landsbasis har fleire blitt permitterte grunna situasjonen med koronaviruset. Å skulle leve berre på lån og stipend frå Lånekassen gjer at mange kjem i ein tøff økonomisk situasjon.

– Bodskapen er at vi må inkludere alle, også studentane. Mange er inne i ein periode der dei avsluttar bachelor- og masterprogram til våren. Det er ein stressande situasjon som rammar mange studentar økonomisk. Fleire studentar har barn og skal forsøke å få ei ordning på økonomien. NAV har kravd at vi må avslutte våre studium for å få dagpengar. Kunnskapsminister Henrik Asheim (H) har sagt at vi ikkje skal gjere det. No er problemstillinga lagt over til Lånekassen. Vi veit ikkje kva utfallet blir og det stressar oss.

– Alle må vere med på laget om dei studiestøtte eller ikkje. Det må vere økonomisk støtte til å kome seg gjennom koronasituasjonen som vi no er i, seier Erviksæter som sjølv er i jobb og har ikkje støtte frå Lånekassa.

Fleire politiske parti seier at reglane for studentar er noko som dei må sjå på. Det er politikarane som bestemmer om studentar skal få rett på dagpengar. Administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark, oppfordrar studentar til å oppsøke deira heimeside for oppdatert informasjon rundt situasjonen.

Ros til høgskulen

Samtidig som det er utfordrande økonomisk rosar Erviksæter Høgskulen i Volda for korleis dei har handtert unntakstilstanden.

– Studentsamskipnaden passar på og har oversikt over dei studentane som er att i Volda. Lærarane og skulen har stått på for å gje oss informasjon og undervisning på nett. Pedagogisk har vi det trygt og godt.

– Høgskulen i Volda har også lagt eit løp. Alle eksamenar skal vert heimeeksamen ut semesteret. Då veit vi korleis det ser ut fram til sommaren. Det tryggar situasjonen for oss.


All undervisning på høgskuleområdet avlyst

Høgskulen i Volda avlyser all undervisning på høgskuleområdet frå og med torsdag 12. mars, og vil i staden tilby alternativ undervisning. Nettundervisning går som planlagt.


Koronafast i utlandet

Nokre studentar tilknytt Høgskulen i Volda har framleis ikkje kome seg heim til Noreg.

– Mange har lukkast med å ta seg heim, men det er ein gjeng som sitt fast i utlandet. Den norske krona har svekka seg og der gjer at alt for dei, som leige og matvarer, vert dyrare. Økonomien er ikkje så god og det er kanskje ikkje mogleg å ta seg til Noreg. Ein student eg har snakka med må bytte fly tre gonger for å ta seg heim og det er ikkje mogleg i dag.