Ingen nye stadfesta smitta i Ørsta - men førebudde på positive prøver

Det vert ingen testing i helga.

Koronatesting Ørsta mars 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det er framleis fire personar som har fått stadfesta korona-smitte i Ørsta kommune.. Det opplyser Ørsta kommune.

Sidan laurdag for seks dagar sidan er det ikkje stadfesta nye smittetilfelle i Ørsta kommune. Men det er framleis prøver Ørsta kommune ventar svar på.

Fredag vart det teke åtte prøver. Prøvetalet frå måndag er blitt justert frå 27 til 32. Det betyr at det totale antalet for prøver måndag og tysdag er på 49 prøver.

- Vi har fått tilbake 46 av desse prøvesvara, som alle var negative. I tillegg ventar vi svar på 2 prøver. Ei av prøvene måtte takast på nytt, sidan denne var inkonklusiv, heiter det frå kommunen.

- Sjølv om vi får så mange negative prøvesvar må vi likevel vere førebudde på at det kan kome fleire positive prøver, enn dei fire som har kome hittil. Indikasjon for testing er strenge, noko som gjer at få blir testa, heiter det.

Ørsta kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene for kven som vert testa.

- Vi må dermed gå ut i frå at det kan finnast smitte som vi ikkje veit om. Det er difor svært viktig at alle følgjer råd og anbefalingar frå www.fhi.no og www.helsenorge.no/koronavirus., vert det understreka.

Som sist helg, vil det ikkje bli tatt prøver i løpet av helga.

- Vi ventar framleis på ein del prøvesvar. Prøvesvara kjem fortløpande, når dei er klare. Vi godt nøgde med transportløysninga som vart innført i samarbeid med Volda kommune i går. Ein egen sjåfør køyrer prøvene direkte til Molde, der testsenteret ligg, på vegne av kommunane, heiter det frå kommunen.