Driftar Bakk-Ola-marka og heimesjukepleien med eige personell

- Heimesjukepleien gjer vurderingar av drifta fortløpande

Seksjonsleiar: Kristin Vik er seksjonsleiar helse og velferdstenester.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

For Bakk-Ola-marka, Viketunet og heimesjukepleia i Ørsta kommunen har fleire tiltak blitt sett i verk grunna korona-viruset. Seksjonsleiar Kristin Vik for helse og velferdstenester seier at dei legg vekt på å følgje nasjonale råd og føringar for å skjerme bebuarar og tilsette for smitte.

– På Bakk-Ola-marka er aktivitetssenteret og kafeen stengt. Dørene på huset er stengde for besøkande, men pårørande vil få kome inn særskilde tilfelle. Vi bed om at dei då ringer til leiarane på huset. Møteplassen og Småjobbsentralen på Viketunet er også stengt. Vi avgrensar fysiske møter, og held telefonkontakt med brukarar der det er mogleg.

– Heimesjukepleia gjer vurderingar av drifta fortløpande. Det betyr gjennomgang av oppdraga for å sikre at vi møter dei viktigaste behova først. Personalet står på og er fleksible og budde på omdisponeringar. Stor takk til dei for det, seier Vik.

Handhygiene er framleis det viktigaste tiltaket etter at rutinane har blitt skjerpa.

– Heimesjukepleia og helsepersonell har ekstra fokus på smittevern og hygiene no. Vi følgjer nasjonale råd og retningsliner. God handhygiene er framleis det viktigaste tiltaket. Det blir gjort individuelle vurderingar, og nokre besøk vil kunne gå ut etter dialog med den det gjeld.

I spesielle tilfelle vert det opna for besøk på Bakk-Ola-marka, men Vik håpar på forståing for at dørene er stengde.

– Vi hjelper til med telefon og videokontakt der det er mogleg.

– Vert restriksjonane respektert av pårørande/besøkande?

– Ja, vi opplever at pårørande og brukarar viser stor forståing for den situasjonen vi er i no, det set vi stor pris på, seier Vik.

Bakk-Ola-marka, Viketunet og i heimesjukepleia vert drifta med eige personell. Mange med helsefagleg kompetanse har meldt seg til teneste.

– Det er flott at så mange har meldt seg til teneste. Enn så lenge går det rundt med eige personell, og vi prøver så langt som råd å avgrense tal tilsette inn og ut til brukarane våre. Leiarane vil måtte vurdere innleige av ekstrapersonell og eventuelt frivillige frå dag til dag avhengig av korleis dette utviklar seg. Vi håper sjølvsagt på det beste.

– Vi set stor pris på alle som held hovudet kaldt og hjartet varmt i denne spesielle situasjonen. Det gjeld både brukarar, tilsette og leiarar. – og kriseleiinga.