Volda følgjer ikkje Ålesund, Hareid, Vanylven og Sande

Ordførar Sølvi Dimmen og kommunaldirektør Rune Sjurgard på den digitale pressekonferansen onsdag ettermiddag.   Foto: Skjermdump web-tv Volda kommune.

Nyheiter

Ålesund, Hareid, Vanylven og Sande har innført karantene for personar som kjem til kommunane frå andre fylker. Volda ser ikkje grunn no til å gå til så strenge tiltak.

Dette kom fram på pressekonferansen til Volda kommune onsdag ettermiddag.

I går vart det klart at Sande og Vanylven innfører karantene-påbod for reisande som kjem til kommunane utanfrå fylket. Dermed har dei to kommunane innført dei same karantenereglane som Hareid, Ålesund, Sula og Giske. Og innfører 14 dagars karantene for reisande frå Oslo, Viken, Vestfold, Telemark, Agder, Rogaland, Innlandet og Vestland.

- Vi ser ikkje grunn no til å innskjerpe reglane ytterlegare, men følgjer Folkehelseinstituttet sine råd, sa ordførar Sølvi Dimmen og kommunaldirektør Rune Sjurgard på pressekonferansen.

Dei fortel at 63 voldingar hittil har blitt testa, og ingen har til no fått påvist korona-smitte. Testingane skjer ved eit telt ved Volda ungdomsskule, og i tillegg er det oppretta eit eksternt legekontor på Øyra skule. Der vert personar med luftvegs-symptom undersøkte av legar.

Dimmen og Sjurgard har ikkje oversikt over kor mange i Volda som no framleis ventar på svar, eller heilt konkret når dei får svar.

- Og det er viktig at folk ikkje berre møter opp på teststasjonen ved ungdomsskulen eller det eksterne legekontoret. Alle må ringje lege først, understrekar dei.

Skulane er stengde, men seks barn får tilbod i skulen og barnehagen dei høyrer til.

Også Høgskulen i Volda har vore stengd for studentar sidan fredag, og i følgje rektor Johann Roppen har mange av studentane no reist tilbake til heimstaden. Undervisning og etter kvart eksamen føregår digitalt. Dimmen og Sjurgard har ikkje oversikt over kor mange av studentane som har reist frå Volda.

- Rådet til studentane er dei same som for resten av befolkninga: Pass på dykk sjølve og andre, unngå nærkontakt og ver nøye med handvask og hygiene, sa kommunaldirektør Rune Sjurgard.