Stengjer dagtilbodet ved Ørstaheimen

- Vi har ordinær drift, men dette kan fort endre seg

Seksjonsleiar Inger Liadal seier at det er ordinær drift ved Ørstaheimen, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen  Foto: Roy-Arne Folkestad/Arkiv

Nyheiter

Ørstaheimen, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen har stengt dørene sine. Seksjonsleiar Inger Liadal for omsorg og sjukeheim seier at det er ordinær drift.

– Men vi har ekstra fokus på hygiene og førebygging. Vi har dessverre måtte stenge dagtilbodet vårt på Ørstaheimen. I første omgang gjeld dette ut veke 12. Årsaka er for å førebygge smittespreiing inne på sjukeheimen. Dei brukarane som har behov for det kan då få ekstra bistand frå heimetenestene til dømes til middagsombering, seier Liadal.

– Korleis er bemanningssituasjonen?

– Akkurat no har vi ordinær drift, men det kan fort endre seg, og vi er glade for at vi har reserve i personar som har meldt seg. Vi har nokre tilsette som må halde seg heime på grunn av reise i utlandet og i påvente av svar på testing, men pr. no er bemanningssituasjonen relativt bra. Den stor utfordringa vert om vi får smitte blant personalet eller brukarar.

Reinhaldet har blitt skjerpa på alle sjukeheimane og det er større avstand mellom brukarane.

– Vi har innført ekstra reinhald, fleire vil ete på romma og då vert det romslegare rundt matborda i fellesrommet. I heimebasert som seksjonen har på Vartdal og i Hjørundfjorden er besøka redusert, men vi ringer for å halde kontakt. Vi har laga oss oversikt over lagerbehaldning av smitteverneutstyr og reinhaldsmiddel. Det er utarbeidd ein tiltaksplan og informasjonsskriv som støtte for einingsleiarane. Informasjon og rettleiing av alle tilsette i førebyggande smittevern er høgt prioritert.

Behovet for reint arbeidstøy har auka etter at restriksjonane knytt til korona-viruset vart skjerpa.

– På vaskeriet har vi no auka kapasiteten med fleire vakter og bruk av tilsette frå einingar med redusert drift då behovet for arbeidstøy ute ei einingane alt har auka på grunn av smitteverntiltak.

Sidan torsdag sist veke har det vore besøksrestriksjonar på Ørstaheimen, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen. Pårørande respekterer restriksjonane som er innført.

– Ja, i all hovudsak. Vi har blitt møtt med stor forståing for at dette er eit naudsynt tiltak for å avgrense smittespreiing blant ei av dei mest utsette gruppene.

Dørene er stengde for besøkande, men det kan gjerast avtale om å kome inn i særskilde høve.

– Då tek du kontakt med den avdelinga som dine bur på.

Liadal oppmodar alle om å følgje retningslinene og restriksjonane som er sett i verk.

– Eg vil gjerne trygge bebuarar og pårørande med at vi gjer vårt beste i den situasjonen vi er i. Sjølv om tiltaka vi set i verk reduserer moglegheitene for å vere saman, er det heilt naudsynt for å verne om bebuarane og brukarane våre. Oppmodar alle om å no følgje dei retningslinjer og restriksjonar som kjem frå styresmaktene slik at vi kan få kontroll på situasjonen og få eit best mogleg utfall av denne pandemien.