Ingen registrert med smitte i Volda - mange vil hjelpe

Onsdag føremiddag er det framleis ingen som er registrert med koronasmitte i Volda kommune. Samstundes er det mange som vil hjelpe til.

På Øyra skule er det oppretta test-stasjon.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Volda vil orientere meir om stoda på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag. Kommunen går likevel ut med at det framleis ikkje er nokon som er registrert med smitte i kommunen.

- Men det betyr ikkje at ingen har smitten her i Volda. Det veit vi ikkje fordi det er avgrensingar på kven kommunen kan teste, heiter det frå kommunen.

Det er mange som vil hjelpe til i krisa som er. Per onsdag føremiddag er det 53 som har meldt seg som frivillige. Det inkluderer dei som har meldt seg via Facebookgruppa «Korona – hjelpegruppe Ørsta/Volda».

Kommunen har også bedt helsepersonell om å melde seg, dersom det det skulle verte naudsynt å hente inn nytt og ekstra mannskap. Per onsdag føremiddag er talet 101

Dei som vil melde seg som frivillige kan gjere det her: https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL103/

Utdanna helsepersonell kan melde seg her: https://skjema.ssikt.no/Volda/skjema/VOL102/