Blømer rekordtidleg

Blåveisen står i full blomst på Berkneset

Blåveisen har blømt på Berkneset sidan slutten av januar.  Foto: Oddmund Hovden

Nyheiter

Det er hageentusiasten Oddmund Hovden som har tatt dette biletet av blåveis som står i full blom ved hytta hans på Berkneset. Og det har den gjort ei god stund.

- Den første blåfargen kom 28.- 29. januar. Og det er ny rekord, seier Oddmund Hovden.

Dei har klart seg utan sol. For der hytta ligg, på Bernesstranda, har sola ikkje kome over fjellet enno.

Også snøklokkene blømer. Og graset er grønt, slik det har vore i heile vinter.

Snøklokka blømer også.  Foto: Oddmund Hovden

- Kva synest du om det milde klimaet?

- Alt er annleis. Eg har nesten ikkje brøytt for heile vinteren. Men eg torer ikkje seie at vinteren er ferdig alt no. Det er slikt ein ikkje veit. Og no skal eg på vinterferie til Bjorli. der er det i alle fall vinter,med 65 centimeter snø. Så då vert det høve til å gå på ski.