Kaule på Shell

Politiet måtte rykke ut med fleire patruljar.

Illustrasjonsfoto 

Nyheiter

Det vart ei travel natt til søndag for politiet i Ørsta. Det samla seg mykje folk rundt Shell-stasjonen i sentrum, og det oppstod fleire uheldige situasjonar mellom klokka 0130 og 0300. Politiet skriv på Twitter:

"Tidvis amper og aggressiv stemning mellom ein del av ungdomane. Politiet var på staden med fleire patruljer. Det vil verte oppretta straffesak mot fire unge menn i alderen 16-26 år for ordensforstyrring/skadeverk."