Auke i konkursar i Møre og Romsdal

– Mange har nok stivna i ein gammaldags forretningsmodell

I Møre og Romsdal måtte 23 bedrifter (aksjeselskap) sette kroken på døra i januar.

Per Ivar Kristiansen.  Foto: pressefoto

Nyheiter

Det opplyser Experian i ei pressemelding. Prosentmessig er det ein oppgang på 91,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– På landsbasis var det 356 aksjeselskap som gjekk konkurs i januar. Noko som er ein prosentvis auke på 9,5 samanlikna med tilsvarande periode i fjor, seier Per Ivar Kristiansen, salsdirektør i Experian, i pressemeldinga.

Experian skriv at i varehandelssegmentet var det heile 90 aksjeselskap som gjekk konkurs i januar på landsbasis. Noko som er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med januar 2018.

– Det herskar ingen tvil om at varehandelen er inne i knalltøff periode. Noko blant anna sjokkbeskjeden om Gresvig-konkursen vitnar om. Når ein knallsterk merkevare som Gresvig med ein marknadsdel rett under 30 prosent går under, er det sjølvsagt grunn til bekymring, seier Kristiansen.

– Mange har nok stivna i ein gammaldags forretningsmodell. Det er viktigare enn nokon gong å ta innover seg ny kunnskap for å forstå den nye måten å drive butikk på.

Totalt 3.862 aksjeselspak gjekk konkurs i 2019. Det er ein auke på 2,6 prosent samanlikna med 2018. Særleg ille var det i byggebransjen, med ein auke i konkursar på 9,34 prosent samanlikna med 2018.