Mangel på kommuneoverlege uroar

– Eg er uroa over at Ørsta igjen står utan kommuneoverlege, sa Anne Sølvi Vatne (H) i kommunestyret torsdag.

Uroa: Anne Sølvi Vatne (H) likar ikkje at Ørsta står utan kommuneoverlege. 

Nyheiter

Vatne delte si uro i samband med at kommunestyret handsama revisjonen av smittevernplanen. I dette arbeidet er kommuneoverlegen viktig.

– Difor uroar det meg at vi ser ut til å ha problem med å rekruttere ein kommuneoverlege. Dessverre er dette eit problem for kommunar over heile landet, sa Vatne.

Den nye smittevernplanen erstattar ein plan som vart utarbeidd i 2004.

– Då er det på tide å rullere planen, sa Per Ivar Lied (Sp).

Magnar Hjertenæs (SV) peika på førebyggingsarbeid er eit sentralt moment i planen.

– Eg legg merke til at mykje av ansvaret for dette arbeidet ligg til helsestasjonen. Det er noko vi må ha med oss når vi skal vurdere rammene for det helsestasjonen skal vere og skal gjere, sa Hjertenæs.

Han viste til at kommunen slit med bemanninga.

– Viss helsestasjonen får for små ressursar, går det utover førebyggingsarbeidet, sa Hjertenæs.