Vartdal Helstetun

Reduserte sjukefråværet – fekk pris

Vartdal Helsetun reduserte sjukefråværet til fire prosent på få år. Det skjedde etter målretta arbeid. No har dei tilsette fått pris.
Nyheiter

Torsdag overrekte ordførar Stein Aam Arbeidsmiljøprisen til dei tilsette ved Vartdal Helsetun.

– Vartdal Helsetun er eit førebilete. Dei tilsette har vist evne til omstilling og samarbeid med frivillige aktørar. Dei er eit føredøme for heile kommune, sa Kari Flø frå personalleiinga då ho grunngav prisen.

Arbeidsmiljøprisen er ein intern pris for Ørsta kommune, og det er arbeidsmiljøutvalet som vedtek kven vinnaren er.

I grunngjevinga heiter det at medarbeidarane på Vartdal Helsetun er motiverte til å lære, framfor å rivalisere om kven som er best. Sidan 2017 har det medvite vorte satsa på å innføre eit meistringsklima.

– Det har medført at det vert sett av tid til fagforum, deling av erfaringar og oppfølging av nytilsette. Ei viktig målsetjing er at same kva som skjer, skal tilsette kunne takle det, fortalde Flø.

Resultata har vore gode. Det er auka nærvær, eller sagt på ein annan måte: sjukefråværet har gått ned. Vidare finst det ikkje profesjonsstridar, og det er godt samarbeid med dei pårørande.

Vartdal Helsetun har 26 årsverk fordelt på 33 tilsette. Institusjonen har ansvaret for heimetenester, sjukeheimstenester og bufellesskap.

Styrar Kirsti Hånes Vartdal takka for prisen.

– Han er utruleg inspirerande, sa Hånes Vartdal.

Ho peikte på at Vartdal Helsetun har satsa på tre område for å betre arbeidsmiljøet.

– Det er å ha ein leveleg turnus, at vi har faste tilsette, og at vi gir god informasjon og internundervisning, sa Hånes Vartdal.

Ho nytta høvet til å takke for samarbeidet med Helsetunets venner.

– Dei er med på å lage den gode stemninga, sa Hånes Vartdal.