KrF i Ørsta og Volda

Vil engasjere fleire ungdommar i politisk arbeid

Lokallaga til Kristeleg Folkeparti i Ørsta og Volda ynskjer å få fleire unge til å engasjere seg i politisk arbeid.

Ny leiar i Volda KrF, Inge Bruheim (t.v.) og ny leiar i Ørsta KrF, Trond Vartdal, gler seg til å halde fram det gode samarbeidet over kommunegrensa. Foto: Hjørdis Almelid Vikenes 

Det nye styret i Ørsta KrF er gruppeleiar Hjørdis Almelid Vikenes, leiar Trond Vartdal, Kari Aamaas og Marta Aa Standal. Rita Haukeland Vatne er også nyvalt styremedlem. Foto: Anders Digernes 

Nyheiter

Det går fram av ei pressemelding frå lokallaga etter det felles årsmøtet nyleg.

Under årsmøtet orientere fylkesleiar Henning Holsvik i KrFU om arbeidet. Han ivra for å få fleire ungdommar engasjert i politisk arbeid.

Begge lokallaga vil samarbeide om å få til eit felles opplegg i nær framtid.

– I valkampen i fjor gjorde Henning Holsvik og Jarle Isene ifrå Volda KrFU ein kjempejobb med å delta på skuledebattar, i samarbeid med andre krfuarar og nokre ifrå KrF, heiter det i pressemeldinga.

Det felles årsmøtet vart halde tysdag 4. februar.

I år var det ordførar i Giske, Harry Valderhaug, som heldt årsmøtetalen. Han fortalde mellom anna om korleis han kom med i politikken for mange år sidan, og litt om korleis arbeidet i heimkommunen var.

Det var 35 medlemer som deltok på fellesdelen av årsmøtet. Knut Gjengedal spelte og song, og Asbjørn Simonnes heldt andakt.

Leiar i Volda KrF, Arild Iversen, ønskte velkomen til årsmøtet. Leiar i Ørsta KrF, Hjørdis Almelid Vikenes, takka for den gode tradisjonen med å ha felles årsmøte og det gode samarbeidet som har vore over kommunegrensa i mange år.

Etter valet er styret i Volda KrF samansett slik:

Det nye styret i Ørsta KrF er gruppeleiar Hjørdis Almelid Vikenes, leiar Trond Vartdal, Kari Aamaas og Marta Aa Standal. Rita Haukeland Vatne(ikkje til stades) er også nyvalt styremedlem. Foto: Anders Digernes  Foto: Anders Digernes


Inge Bruheim ny lokallagsleiar, Margrete Bjerkvik, nestleiar, Marit Isene, Knut Gjengedal og Arild Iversen som gruppeleiar i kommunestyret. Varamedlemer er: Anders Egil Straume, Asbjørn Simonnes og Johnny Magnussen.

I Ørsta tok Trond Vartdal over leiarvervet etter Hjørdis Almelid Vikenes, og ho held fram i styret som gruppeleiar fram til 2023. Med seg i styret har dei Marta Aa Standal, Kari Aamaas og Rita Haukeland Vatne, og med Flingai Foloboi, Hans Olav Øyehaug og Jenfrid Vikenes (Ørsta KrFU) som varamedlemer.

Begge lokallaga vedtok nye lover.