I Volda

Nordbohus etablerer seg i Volda

Nordbohuskjeda etablerer seg i Volda med Nordbohus Volda AS.Nordbohuskjeden.
Nyheiter

Dei har nyleg flytta inn i lokale i Volda sentrum, og er klare for å møte marknaden, heiter det i ei pressemelding frå Nordbohuskjeda.

Nordbohus Volda AS har endra namn frå Byggmester Hoggen AS.

Bak namnet finn vi Per Sigvald Hoggen, Tove Mek Eidset, Pål Sindre Myklebust og Sverre Hoggen.

– Vi er veldig heldige som får dette teamet med på vårt lag. Dei forsterkar oss, seier marknads- og kommunikasjonssjef i Nordbohus, Stian Moursund.

Tove Mek Eidset er dagleg leder i Nordbohus Volda AS, og ser fram til oppstarten med Nordbohus.

– Nordbohus var det rette valet for oss. Vi har følgt med deigjennom åra, og sett kva dei har oppnådd over tid, seier Mek Eidset i pressemeldinga.

– Det er spesielt fokuset på kundevelnøye og byggfagleg kvalitet vi kjenner oss ekstra komfortabel med. Uansett korleis vi jobbar, kjem vi ikkje unna kva kundane opplever. Der har Nordbohus vore veldig gode i mange år, og no er vi med på laget vi også seier Tove Mek Eidset.

Etter signeringa av avtalen med Nordbohus skjedde det store endringar i kjeda. Nordbohus vart kjøpt av Mestergruppen, og den offisielle overtakinga var 21. januar 2020.

– For oss i Nordbohus Volda er dette berre positivt. Mestergruppen representerer mange merkevarer, og Nordbohus skal bestå som merkevare akkurat som før. Forskjellen er at vi får enda større ressursar bak satsningen på kjedenivå, og der er berre positivt for oss som forhandlar, seier Tove Mek Eidset, i pressemeldinga.