Frå Tussa til banken

Geir Arne Ose har sarta i ny jobb i Sparebanken Møre.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

– Heilt frå første dag har eg vorte svært godt motteken av både mine nye kollegaer og av kundane. Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, fortel Geir Arne Ose som er tilsett som finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre i Ørsta.

Dette opplyser banken i ei pressemelding. Ose har bakgrunn frå fleire serviceyrke. Sist frå Tussa IKT der han har jobba både med kundeservice og med sal av kommunikasjon- og IT-løysingar.

– Vi veit også at Geir Arne har god kontroll med kven som bur kvar i Ørsta, med si fortid som postmann, fortel banksjef i Ørsta, Line Wiik Bjerknes, i pressemeldinga.

Ose hadde sin første arbeidsdag i desember. Han førebur seg no til å bli autorisert finansiell rådgjevar. Bjerknes er godt nøgd med å få Ose med på laget.

– Geir Arne er ein dyktig kar med stort engasjement og nettverk. Han brenn for dei same verdiane som Sparebanken Møre, der vi skal vere med å utvikle Ørsta til ein enda betre plass å bu og virke i for innbyggjarane.