God start for Veka 2020

– «Veka» skal nå ut til alle

Det har vore ein god start for Veka 2020. Studentrevyen samla tre fulle hus på Rokken, og no vil Veka engasjere lokalsamfunnet endå meir.

VVeka: Veka 2020 er i gang. Studentrevyen samla tre fulle hus. Foto: Hanna Thevik 

Nyheiter

– Veka skal vere for alle. Difor har vi arrangement for folk i alle aldrar. Komande laurdag gjentek vi suksessen frå i fjor med «Livleg laurdag» i Propellhallen, fortel pr-ansvarleg, Lisa Skylstad Knutsen, til Møre-Nytt.

Veka 2020 starta siste fredag med revy. Etter tre fulle hus, er det no klart for det resterande programmet. Faktisk er det ikkje offisiell opning før torsdag med konserten med Gabrielle på rokken. Han er snart utseld.

– Av ein eller merkeleg grunn kjøper studentane billettar i siste liten, seier Skylstad Knutsen.

Veka er eit stort arrangement med fleire konsertar og arrangement. Veka er avhengig av eit godt sal for å få det heile til å gå rundt, men så langt ser det bra ut.

Veka 2020 varer heilt til laurdag om ei veke, då det heile vert avslutta med Klikkedisko på Rokken.

Før det skjer, er det ei bråte med arrangement – og altså for folk i alle aldrar.

Laurdag inviterer Veka alle familiar og born til leik og moro i Propellhallen.

– Arrangementet er ope for alle. Folk få oppleve mange aktivitetar, der det blir servert pølser, kaker, bollar og kaffi. Folk kan forvente seg mykje moro med blant anna hoppeslott, måling og teikning. JOJO-meisteren Eirik, kjend frå Norske Talenter, kjem for å lage eit heilt utruleg show, og ein sponsor stiller med maskot og stakemaskin, fortel Skylstad Knutsen.

Ut i komande veke er det også Coop Extra-dagen. Der vert born inviterte til å rusle frå Coop Extra på Rotset til Årneset.

– Undervegs er det stopp med pølser og rebus, og vi trur dette vert ein kjekk dag for barnehagebarn, seier Skylstad Knutsen.

Med Veka ynskjer arrangørane å inkludere og rive gjerde.

– Vi har arrangementa for dei små, og vi trur at konserten med Vamp fredag 21. februar kan lokke eit publikum frå heile regionen, seier Skylstad Knutsen.

Veka 2020 er eit stort arrangement med over hundre frivillige.

– Vi er takknemlege for at så mange stiller. Veka baserer seg på frivillig innsats, og då er det fint at så mange stiller, seier Skylstad Knutsen.