Allmøte på Høgskulen i Volda i dag tidleg

Rotevatn tilbake som dekan 1. mars

På eit allmøte i dag tidleg fekk dei tilsette på medieutdanninga vite at dekanen si omplasseringsperiode er forlenga med ein månad fram til 1. mars.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Omplasseringa av dekanen ved Avdeling for mediefag er forlenga til 1. mars, vart det opplyst på eit allmøte i dag tidleg.

I ein kommentar til Krhono.no skriv rektor Johann Roppen følgjande:

— Høgskulen i Volda har forlenga den midlertidige omdisponeringa av dekan Audhild G. Rotevatn fram til 1. mars. Vi vil halde fram arbeidet med å betre arbeidsmiljøet ved AMF.

Dei tilsette på mediefag vart på kort varsel innkalla til allmøte i dag tidleg. På førehand skal dei ikkje ha visst kva møtet skulle handle om. Både høgskuledirektør og rektor skal ha vore til stades på møtet.

Etter konfliktar på Avdeling på mediefag vart dekanen i sommar midlertidig opplassert fram til 1. februar. Perioden har no altså blitt forlenga.

I førre veke sende Kunnskapsdepartementet Rotevatn si klage på omplasseringa i retur. Deretter vart det klart at Rotevatn sjølv søkte på den utlyste stillinga som dekan – altså same stilling som ho i sommar vart omplassert frå.

Odd Ragnar Hunnes vart konstituert i stillinga som dekan fram til 1. februar. No kjem han, i følgje Khrono.no, til å vere dekan på avdelinga fram til Rotevatn er tilbake 1. mars.