– Fylkeskommunen har sikra betre ferjetilbod

– Det er ei Guds lukke at fylkeskommunen tok over ferjesamband, seier Sp-topp Kristin Sørheim.

Sp-toppar: Kristin Sørheim, leiar i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, saman med Per Ivar Lied som er leiar for Utdanningsutvalet.  Foto: Svein Aam

Fylket har drive effektivt og prioritert ferjedrifta høgt, men no klarer vi ikkje meir

Nyheiter

Sørheim er leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, i sin andre periode. Ho er dermed ein sentral politikar i Møre og Romsdal. Ho reagerer på ein leiarartikkel i Møre-Nytt fredag der det står at prisauken på fylkesvegsambanda er større enn på dei sambanda der staten betaler.