150 elevar på innovasjonscamp

Kom tettare på næringslivet

– Desse elevane går på VG2 og skal snart ut i arbeidslivet. Då er det viktig at dei kjenner til det lokale næringslivet og moglegheitene der.

Ideutvikling: Aron Skeide og Markus Norangshol, saman med resten av gruppa, ville utvikle ein applikasjon for mobiltelefon der arbeid eller småjobbar for ungdom vart lagt ut. 

Nyheiter

Det sa rådgjevar og lærar Beate Langeland Mork då Ørsta vidaregåande skule hadde innovasjonscamp onsdag. I flatsalen i Ørsta kulturhus var det samla rundt 150 VG2-elevar frå dei ulike programfaga ved skulen. Ørsta vgs. har ikkje hatt tradisjon for å arrangere innovasjonscamp, men gjennomførte sin første camp i fjor.