Juleribba skal vere norsk

Steikt svineribbe.   Foto: Kari Hamre/NPK

Nyheiter

Berre ein prosent av nordmenn føretrekkjer importert kjøt til julemiddagen. To av tre norske forbrukarar vil ha norsk svineribbe til jul.

Det går fram av ei ny gransking gjennomført av Norstat/ Mediacom for Matmerk.

67 prosent av dei spurde seier dei helst vil ha norsk ribbe, og berre 1 prosent seier dei heilt klart føretrekkjer importert kjøt. Det er fleire kvinner (75 prosent) enn menn (62 prosent) som vil ha norsk ribbe.

I år er det opna for import av inntil 300 tonn tysk svineribbe før jul. Om importkvoten vert teken i bruk, er avhengig av marknadssituasjonen når julesalet tar av.