Gløymt å ta ned trampolina? No er det på tide

Torsdag er det utsette stader i Møre og Romsdal venta vindkast kring 30-35 m/s frå sørvest.

  Foto: Yr.no

Nyheiter

Det melder yr.no.

Dei varslar ein fuktig og vindrik torsdag i fylket, og rår til at lause gjenstandar vert sikra.

- Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Lause gjenstander kan blåse vekk. Det er mogleg at avgangar for ferje, fly eller annan transport vert kansellert. Bruer kan verte stengde. Straumforsyninga kan verte påverka, til dømes som følge av tre som knekk eller kjem i kontakt med straumnettet.

Lokalt er det meldt kraftig regn og torden torsdag morgon og føremiddag.