Traume-funksjonen ved Volda sjukehus

"Ville du godta å bli frakta forbi ein kompetent beredskap om ulykka skulle rammar deg"

Volda sjukehus  Foto: Terje Engås, Sunnmørsposten

Nyheiter

Traumeberedskap handlar om å ta imot potesielt hardt skadde som td etter trafikk ulykke, fall, eller andre skader som kan være livstruande . Tidsfaktor er viktig, og i noken tilfelle avgjerande for liv eller død. Sikre frie luftvegar og hindre at du blør i hjel og stablisere deg for evt. vidare transport om det er nødvendig.

Det er nasjonale krav til kompetanse for å ta imot ein traumepasient. Traumeteam innvolverer  fleire faggrupper som trener regelmessig og er pålagt kursing ift hardt skadde pasientar. Volda sjukehus innfrir desse krava kvar dag heile døgnet.

Ville du godta å bli frakta forbi ein kompetent beredskap om ulykka skulle ramme deg eller dine i nærleiken av Volda sjukehus?

Vi veit og at veg og føreforhold kan være krevade, spesielt på vinterstid. Noko som kan påvirke kor raskt du får kvalifisert hjelp.

Fagdirektør i helse Møre og Romsdal rår til at alle traume pasientar skal til Ålesund sjukehus uansett kvar ulykka skjer på Søre Sunnmøre. 

Det finst ingen fagleg begrunning for at desse pasientane ikkje kan kome til Volda sjukehus. Det var det semje om i arbeidsgruppa som utarbeidde planen for traumemottak i vårt helseforetak. 

Volum mht. traumepasientar er lite for alle sjukehusa i Norge utanom Ullevål, så alle må halde kunnskapane ved like og trene jevnlig. Dette er godt ivaretatt ved Volda sjukehus. 

Vedtaket påvirkar økonomien i liten grad, då alle ressursar er på plass heile døgnet pr dd.

Den 26 september skal denne saka opp i styret i Helse Møre og Romsdal

Skal vi finne oss i dette?