Kontroll i Ørsta

Ein avskilta og to fekk bot

Nyheiter

Politiet og Statens vegevesen har hatt samkontroll i Ørsta sentrum torsdag, skriv politiet på Twitter. Nøkkeltal: 41 kontrollerte. Ein førar ilagt forenkla førelegg for mobilbruk, eitt køyretøy avskilta på grunn av manglande periodisk kontroll, ein førar ilagt gebyr for ikkje å ha med førarkort.