Sp, Ap og Frp samde

Aam og Høydal held fram

Karen Høydal og Stein Aam held fram som øvste politiske leiing i Ørsta.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det er semje mellom Framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeidarpartiet om ein ny samarbeidsavtale. Dei tre partia, som har samarbeidd dei fire siste åra, er samde om ein avtale som definerer kva posisjonar og verv dei tre partia skal ha. Og som også seier noko om politisk samarbeid. Dei tre partia skal ha spelerom til å føre eigen politikk.