El-ferjekaiene i Volda og på Folkestad tek form

Arbeidet med nye ferjekaier i Volda og på Folkestad går mot slutten, trass fleire utfordringar undervegs i byggjeperioden.
Nyheiter

– Den nye kaia vart veldig komplisert å få ferdig, for det var ekstremt vanskeleg fjell der vi skulle ha fjellforankringar. Det som normalt er eit tre vekers arbeid, har vi brukt tre månader på her. Men no er vi snart ferdige. Entreprenøren har vore dyktig, seier prosjektleiar for den nye ferjekaia i Volda, Olav Megrund i Statens vegvesen.