Volda viste at dei er best i Ørsta-Volda

Slo Åmdal i finalen i Sæbø cup

Volda sitt vinnarlag i Sæbø cup  Foto: Alf Ole Aarseth

  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

I Sæbø cup får laga i Ørsta og Volda bryne krefter mot kvarandre. Volda stilte med eitt lag: Volda. Ørsta med sine fem.

Voldingane er best på papiret, og enda ikkje overraskande øvst på pallen, etter å ha slått Åmdal 5-0 i finalen.

Ørsta og Hovdebygda spelte om tredjeplassen, og Ørsta trakk lengste strået, og vann 4-2.

Heimelaget Sæbø møtte Vartdal i kampen om femte og sjetteplass, og den kampen vann Vartdal 3-0.

Ørstingen Eskil Dagfinnrud vart kåra til beste spelar i turneringa. Han spelar for Volda.

Mats Helle, Volda, vart kåra til den beste unge spelaren.

Toppskårar var Magnus Bischoff, Volda,med 4 mål.

Dette var den 45 Sæbø-cupen. Turneringa vart starta opp då Sæbø fekk grasbane i 1974.