Fekk meisterskapsmedaljer

Anita Lystad fekk den høgthengande meisterskapsmedaljen på Landsskyttarstemnet.

Anita Lystad og onkelen Paul Otto Vatne som i dag skyt for Nordstrand skyttarlag i Oslo. Begge fekk den høgthengande meisterskapsmedaljen.   Foto: Trond Petter Lystad

Peter Bjørndal (t.v) og Andreas Homberset etter god gjennomføring av finalen i finfelt på LS i Evje.   Foto: Line Homberset

Nyheiter

Anita Lystad frå Hovdebygda og Ørsta skyttarlag klarte å oppnå meisterksapsmedalje i feltskyting på landskyttarstemnet i Evje.

Det same klarte hennar onkel Paul Otto Vatne som i dag skyt for Nordstrand skyttarlag i Oslo. Han har skote over 40 lanskyttarstemne på rad så det er stort å oppnå mesterskapsmedalje etter mykje innsats.

– Aller mest nøgd er eg med at eg makta å kome til finalen, sa Ørsta-skyttaren Anita Lystad i ni-tida fredag morgon, før finaneskytinga.

Hadde hadde med seg maksimal poengsum – 30 – frå dei innleiande rundene.

I alt er det i 3000 konkurrerande i feltskyting.

På baneskyting tidlegare i veka gjorde ho det ikkje så godt som ho hadde håpa på.

I juniorklassen kom Andreas Homberset frå Hjartåbygda og Peter Bjørndal frå Vartdal til finalen.

Av 12 moglege treff skaut Peter 10/4 og Andreas 11/6.

Landsskyttarstemnet er naturleg nok årets høgdepunkt for skyttarane, og tusenvis er med i konkurransane. I år deltok elleve frå Ørsta, ein frå Volda, to frå Hjartåbygda og ein frå Vartdal.

Landsskyttarstemnet har vart i ei veke, og vert avslutta i dag med finalane i feltskyting.