Lite vatn i elvane kan gå ut over fisken og beitedyra

– Elva nesten steinørken

Sjeldan har det vore så lite vatn i elvane i Grendadalen og i området frå Hornindalsrokken som no. – Dette kan gå ut over fisk og beitedyr. Tussa må ta dette på alvor.

Vassføringa i elvane i Grendadalen har vore svært låg dei siste dagane. – Eg forventar at Tussa tek dette på alvor, og at også NVE som kontrollinstans er seg sitt ansvar bevisst med tanke på konsesjonsvilkåra. Det er ikkje grunneigarane og kommunen sitt ansvar å følgje med på at konsesjonsvilkåra vert respekterte og følgde, seier ordførar Stig Olav Lødemel.  Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Nyheiter

Det seier ordførar Stig Olav Lødemel. Han er blitt kontakta av fleire grunneigarar dei siste dagane med bekymringsmeldingar rundt elvane.