Godkjenner stadion-garanti

Fornyar stadion: Volda stadion skal rustast opp. F.v. Stig Brautaset, Runar Aahjem Løvold (administrativ leiar i VTI fotball), Arne Lothe, Veronica Kvalen Pilskog, Jon Ove Høydal (prosjektgruppa) og Eivind Dahl (prosjektgruppa).  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal godkjenner at Volda kommune garanterer for eit lån Volda TI Fotball skal ta opp.

Lånet skal nyttast til å ruste opp baneanlegget på Volda stadion. Kommunen sitt garantiansvar er inntil 2,931 millionar kroner.

Vilkåret for garantien er at garantiansvaret vert avkorta i samsvar med nedbetalinga av lånet. Garantien fell vekk etter tre år.