Vil gjere tiltak mot sentrumsbråk

Her blir det forbod mot nattekøyring

Webjørn Svendsen-gata vil bli stengt for gjennomkøyring om natta. I tillegg kan det bli aktuelt med kameraovervaking av sentrumsområdet.

Det kan også bli aktuelt med kameraovervaking, men dette er under utgreiing

Ørsta kommune
Nyheiter

Nattebråk i Ørsta sentrum har vore eit gjentakande tema over lengre tid. Gunnar Knutsen (V) tok opp problematikken politisk i formannskapet, og for enkelte av bebuarane har det vore så gale at dei vurderer å flytte vekk frå Ørsta sentrum. Ørsta kommune og politiet samarbeider for å finne løysingar på støyproblematikken.