Var varmast i fylket på nasjonaldagen

På 17. mai var den varmast temperaturen målt til 24,1 grader. Det skjedde på Ørsta-Volda lufthamn.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

17. mai i år vart ein nasjonaldag for minnebøkene. Folkefestar i alle bygder og eit fantastisk flott vêr. Ørstingane kan også skryte på seg den varmaste feiringa. På Ørsta-Volda lufthamn vart det målt 24,1 grader, og det var varmast i fylket melder Sunnmørsposten.

Valldal og Tafjord hadde målingar åp 24 og 23,6 grader. Varmast i landet var Lillehammer med 24,6 grader.

- Det har vore gode temperaturar over heile Sør-Noreg, men også nokre stadar i Nordland har hatt over 20 grader, fortel vakthavande meteorolog Haldis Berge ved Værvarslinga på Vestlandet til avisa.