Hengar med lift i grøfta

Ein hengar med lift hamna i grøfta i Ørstavegen i Volda, fredag føremiddag.  Foto: Tipsar

Nyheiter

Ein hengar med lift velta i grøfta ved Klippa i Ørstavegen i Volda, fredag føremiddag.

Det melder politiet på Twitter.

Det skal ikkje ha oppstått personskade som følge av ulykka, men der er nokre trafikale utfordringar på staden.