Desse idrettsanlegga får støtte

Ørsta kommune deler ut 45.000 kroner i støtte til drift av idrettsanlegg. Fire anlegg får støtte.

Ørsta stadion: Det vert løyvd 15.000 kroner til vedlikehald og reparasjonar på Ørsta stadion.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det er levekårsutvalet som har ansvaret for å tildele tilskota til idrettsanlegg.

I år kom det inn seks søknader, men to fall igjennom fordi dei anten ikkje hadde fått spelemidlar eller ikkje gjekk til aktivitetsfremjande tiltak. Det siste gjeld tilskot til flaggstenger på VD stadion på Vartdal.

Tilskota går til Åmdal IL/fotball med 10.000 kroner. Midlane skal brukast til drift av fotballanlegga på Legene.

Vartdal skyttarlag får 10.000 kroner til oppgradering av anlegget og leddportar ved standplass.

Ørsta IL/stadion får 15.000 kroner til vedlikehald og reparasjonar på anlegga til fotball/friidrett.

Ørsta IL/langrenn får 10.000 kroner til løyper for mosjon og langrenn på Bondalseidet.