Vil skifte frå Frostating til Gulating lagdømme

Søre Sunnmøre tingrett ynskjer ein større rettskrins, og ikkje minst å skifte lagdømme, frå Frostating til Gulating.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det kjem fram i det endelege innspelet frå tingretten om ny domstolsstruktur. Innspelet går til Domstolkommisjonen, som skal kome med framlegget til ny struktur for domstolane i landet.

– Kommunikasjonane på Søre Sunnmøre er svært gode vestover og austover. Ørsta – Volda lufthamn har fleire daglege flygingar både til Bergen og til Oslo, men ingen til Trondheim. Samtidig er reiseavstandane med bil og offentleg kommunikasjon vesentleg kortare til Bergen enn til Trondheim. Vi meiner derfor det vil vere klart til fordel for innbyggjarane i rettskrinsen vår å bytte lagdømme til Gulating lagdømme, heiter det i innspelet, som er ført i pennen av sorenskrivar Elisabeth Wiik.

I innspelet argumenterer sorenskrivaren for at Søre Sunnmøre tingrett vert ein større rettskrins. Det mest omfattande alternativet er å innlemme alle kommunane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord i rettskrinsen, pluss ei samanslåing med Nordfjord jordskifterett og Sunnmøre jordskifterett. Den siste er i dag lokalisert til Ørsta.

To mindre omfattande alternativ er ein rettskrins for heile Søre Sunnmøre, og der Sunnmøre jordskifterett vert med. I eitt av alternativa er Stranda kommune med i parentes. Når Stranda er i parentes, er det fordi avstanden i reisetid er kortare til Volda enn til Ålesund, men fordi sorenskrivaren i Volda ikkje ynskjer å svekkje Sunnmøre tingrett i Ålesund.

Likevel ynskjer Wiik å ha med Ulstein og Hareid kommunar i ein større rettskrins. Dette vert grunngjeve med kortare reisetid til Volda, og at det ikkje er naudsynt å tilpasse reisetida til ferjer eller hurtigbåt.

Og nettopp reisetid er eit viktig argument for sorenskrivaren når ho argumenterer for ein rettskrins for heile Søre Sunnmøre og Nordfjord.

– Alternativa som Søre Sunnmøre tingrett gjer forslag om, har grunnlag i to store vegprosjekt, Eiksundsambandet og Kvivsvegen, som er gjennomført siste tolv åra. Desse vegprosjekta førte til ei samanknyting til øyane i ytre, og dei nordlegaste kommunane i Sogn og Fjordane. Den norske staten har investert milliardar av kroner på desse vegprosjekta, og har med dette danna ein storregion med Volda som naturleg geografisk regionssenter, skriv Wiik.

Ho poengterer at ein tingrett med nærleik til brukarane i rettskrinsen, er viktig for rettskjensla for regionen, kompetansearbeidsplassar, rask sakshandsaming med kjennskap til demografien og geografi, rettstryggleiken og regionen sin heilskap.

Ho peikar på alternativet der alle kommunane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord er med, og skriv: "ved å sokne til Søre Sunnmøre tingrett vil innbyggjarane i alle desse kommunane ha ei reisetid på under ein time til tingretten."

Ei særskild endring dei siste åra, er bløminga av advokatkontor.

– Domstoladministrasjonen foreslo Søre Sunnmøre tingrett lagt ned i 2015. Etter at dette vart stoppa av politikarane, har vi sett ei oppbløming av det juridiske miljøet på Søre Sunnmøre. Vi har fleire nyetablerte advokatkontor i rettskrinsen, og dei etablerte har utvida med fleire tilsette. Vidare er det lyst ut juriststilling med fast kontorstad i Ørsta, og påtalemakta i samband med nyleg utlyst politiadvokatstilling, opnar for at vedkomande kan ha kontorstad i Ørsta og/eller i Ulstein. Vidare har fleire kommunar på Søre Sunnmøre tilsett eigne juristar, skriv Wiik.