Opprettar Bygdepride-pris

- Kom med kandidatar til Bygdepride-prisen, oppmodar Bygdepride-arrangørane

Marthe Sommervold Christensen er leiar for juryen til Bygdepride-prisen.  Foto: Bygdepride

Nyheiter

For fyrste gong vert Bygdepride-prisen delt ut. Alle kan vere med og nominere kandidatar, opplyser Bygdepride i ei pressemelding.

Bygdepride vart for fyrste gong arrangert i fjor.

- Føremålet er å vise at det er heilt ok å vere skeiv på bygda. I år vert arrangementet i Ørsta og Volda frå. 8. til 12. mai..Nytt av året er at vi deler ut Bygdepride-prisen, står det i pressemeldinga.

Prisutdelinga skjer i samband med paraden i Volda 11. mai. Han går til ein eller fleire som har utmerkt seg for å fremje skeive sine rettar i lokalsamfunnet. Eller som har gjort ein særleg innsats for at skeive skal kjenne seg heime på bygda.

Bygdepride Ørsta/Volda har sett ned ein eigen jury som skal vurdere kandidatar og avgjere kven som får prisen. Juryen er frittståande frå styret, og har også høve til å nemne opp eigne kandidatar.

Folk kan foreslå til kandidatar til Bygdepride-prisen med å gå inn på nettsida bygdepride.no, og klikke på Bygdepride-prisen. Der er eit eige skjema for føremålet.