Din Bolig vil realisere 64 bueiningar

Skal byggje det «nye» Rystefeltet

Etter positivt vedtak i formannskapet nærmar det seg no byggjestart for ei storsatsing for bustabygging i Rystene.

Utbygging: I Rystene, like ved Rystefeltet går snart startskotet for ei omfattande bustadutbygging i regi av Din Bolig. 64 husvære skal etablerast. Dette er lågblokker, firemannsbustadar og kjeda tomannsbustadar. Montasje: Per Mulvik AS.  Foto: Per Mulvik AS

Husværa vert tilpassa alle spekter av kundar

Roar Eiken
Nyheiter

– Dette vil vere eit attraktivt bustadområde med flott utsikt over fjorden. Vi har allereie kundar som ventar på å skrive kontrakt, fortel dagleg leiar Roar Eiken i Din Bolig.