Ørsta IL ber om kompensasjon for klubbhuset

Klubbhuset Ørsta idrettslag  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Ørsta IL ber formelt om ein kompensasjon for det tidlegare klubbhuset ved Ørsta stadion. Dette vart rive i samband med bygginga av Ørstahallen.

Ørsta IL leiger no klubblokale i hallen, men ifølgje Ørsta IL er det semje om at kompensasjonen for klubbhuset ikkje er ein del av denne avtalen.

Ørsta IL ynskjer drøftingar om saka.