J14 Sæbø/Åmdal

Vann avdelinga med stil

Med 28-9-siger mot Stranda vart det ei stilfull avslutning av sesongen for jentene på fjortenårslaget til Sæbø/Åmdal.

Sæbø/Åmdal: Bak f.v: Celine L. Olsen, Sarah Moussa, Benedicte Aambø, Elisa G. Bjørdal, Amanda L. Moe, Marthe Helene N. Holen og Marie Bergli. Framme f.v.: Malin P. Høydalsnes, Emma Pauline Elvestad, Therese Bornstein og Iben Moe.  Foto: Rune Sæbønes

Ørstahallen er kjempeflott å spele i

Nyheiter

Laget vann avdelinga si suverent, med 13 sigrar og eitt tap.

Det einaste laget jentene har tapt for, er Stranda. Og nettopp Stranda var motstandar i Ørstahallen torsdag kveld.

Det var revansjesugne jenter som starta kampen i høgt tempo. Og tidleg vart det klart at denne kampen ville jentene vinne. Halvveges i fyrste omgang var stillinga 8–1. Jentene såg seg aldri tilbake, og til slutt vart det ein siger på nitten mål.

– Det var litt kjekt å slå Stranda, i og med at det var dei vi tapte for, fortel jentene etter kampen.

Dei har ei spesiell forklaring på kvifor det vart tap mot Stranda i den fyrste kampen.

– Det var så kaldt i hallen. Kanskje der ikkje var meir enn seks grader, fortel dei.

Då er det annleis i Ørstahallen.

– Han er kjempeflott å spele i. Men i dag var det kanskje litt for varmt, seier dei glade jentene.

Varmen kom kanskje av at det var mange til stades for å sjå kampen. Serieavslutninga lokka syskjen, foreldre og besteforeldre. Det var stor stemning på tribuna.