Anlegget på Haugen er selt

Tussa Kraft AS har selt anlegget sitt på Haugen. Kjøpar er Melo AS.

Selt: Anlegget og tomta på Haugen er no selt frå Tussa Kraft AS til Melo AS. Arkivfoto  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Før jul vart det klart at Tussa Kraft AS arbeidde med å selje anlegget sitt på Haugen. I førre veke vart salet tinglyst. Melo AS har kjøpt dei to eigedomane frå Tussa med ein samla prislapp på tre millionar kroner. Bjørn Meek er dagleg leiar i Melo AS, men ønsker ikkje på noverande tidspunkt å fortelje om dei vidare planane for eigedomen.