Ørsta kommune med PFU-klage på Møre-Nytt

Ørsta kommune har klaga inn Møre Nytt til Pressens faglege utval (PFU) etter Ver varsom-plakaten.

  Foto: Arkivfoto

Nyheiter

Artikkelen som er klaga inn er frå laurdag 3. mars med tittel: "- Manglar aktivt leiarskap".


Sigbjørn Kvistad vurderer konflikten mellom einingsleiar og næringssjef

- Dersom kommunens administrative toppleiar ikkje leverer som forventa, er det den politiske toppleiinga si plikt å ta grep

Tidlegare Ørsta-ordførar Sigbjørn Kvistad, som har lang erfaring med konfliktløysing i privat og off sektor, meiner ingen er tent med konflikten mellom einingsleiaren i teknisk sektor og næringssjefen.

 

- Klagen er først og fremst knytt til samtidig tilsvar, men det er også bedt om at PFU vurderer om avisa misbruker makta si ved å produsere ein artikkel som vil skade omdømmet til Ørsta kommune, opplyser kommunen på si heimeside.

Redaktør Svein Aam i Møre-Nytt seier han ikkje vil kommentere klagen så lenge den er til handsaming i PFU.

- Men eg er overraska over klagen, og over innhaldet i klagen, seier Aam.