- Politikarane må på bana i Mork-saka

I 2003 vart Knut Engeset i Volda lagt inn på Mork rehabiliteringssenter. Han kom gåande ut frå institusjonen. No ser han at instutosjonen igjen er truga.

Reagerer: Knut Engeset støttar underskiftsaksjonen for Mork rehabiliteringssenter.   Foto: svein aam

Nyheiter

– Eg var pasient på Mork i seks månader. Eg hadde kreft, og sjukdommen påverka motorikken min. Då eg vart lagt in på Mork, var eg kreftfri, men eg vart frakta til institusjonen i ambulanse, og vart trilla inn, fortel Engeset til Møre-Nytt.