- Lysta og engasjementet for å stå på for Volda Sp er med dette borte, så eg tek min hatt og går

Odd Harald Sundal: - Vraka frå Sp-lista i Volda

Odd Harald Sundal er Sentarpartipolitikar og austefjording 

Nyheiter

Odd Harald Sundal meiner han er vraka frå toppen av Sp-lista til haustens kommuneval i Volda.

Sundal som har vore gruppeleiar for Volda SP dei to siste valperiodane får ikkje fornya tillit, og er sett opp på 5.plass på framlegget til liste som skal handsamast på nominasjonsmøtet førstkomande torsdag.

Sundal sjølv ser på dette som ein varaplass, og ei klar degradering, og eit teikn på at Volda Sp ikkje er nøgd med det arbeidet han har  gjort i dei to siste periodane.

Sundal som har vore fast medlem i kommunestyre, formannskap, medlem i fellesnemda for nye Volda og leiar i temakomiteen for kulturbygging i nye Volda seier i ei pressemelding at han ikkje har høyrt eit ord frå nominasjonsnemnda og arbeidet som har vore gjort der, før framlegget til ny liste med kumulerte kandidatar og ordførarkandidat vart presentert for medlemane i forrige veke.

- Eg har vore med i det spennande arbeidet med å bygge ein ny kommune, og har sagt til dei som har spurt at eg har engasjement og lyst til å vere med vidare og drive den nye kommunen. Men nominasjonskomiteen i Volda Sp har ikkje spurt, og no er lista klar for handsaming, og på den lista er eg ikkje med, står det i pressemeldinga.

Forvarsel

- Ein må sjølvsagt vere budd på det meste når ein er med i politikken. Eg fekk eit forvarsel om at dette kunne skje då eg vart finta vekk frå varaordførarvalget sist april. Så eg er ikkje overraska over å ikkje bli ordførarkandidat, men å bli forvist til ein varaplass på 5. plass kom overraskande på meg,  held Sundal fram.

- Like eins at Rebecca Bjerknes òg er degradert til ein ukumulert 4. plass finn eg merkeleg. Ho har framstått som ein god og tydeleg leiar i Tenesteutvalet for oppvekst og kultur. Eg er storleg forundra over at ho ikkje er funne verdig ein kumulert plass, Sundal.

- No har rett nok nominasjonsmøtet siste ordet i oppsettet for lista, men for min eigen del ser eg ingen vits i å mobilisere for å klamre meg til makta i Volda Sp. Slik skal det ikkje vere, og der er nok av sterke krefter som mobiliserer den andre vegen, og lysta og engasjementet for å stå på for Volda Sp er med dette vekk, så eg tek min hatt og går.

- Eg har framleis politisk engasjement for Volda, og har vore med å setje i gang mange spennande prosjekt. Kva det blir til vidare frå her, veit eg ikkje. I løpet av helga har tydeligvis rykta om vrakinga kome ut, eg har i alle fall blitt kontakta av andre parti som vil ha meg med på eit eller anna vis. Dette er ikkje noko eg har teke stilling til, eg ser ikkje bort at det vert med to periodar i Volda-politikken avsluttar Sundal i pressemeldinga.