Her forsvinn den første rulletrappa i Ørsta

Etter tretti år forsvann Ørsta si første rulletrapp ut døra på Ørsta Torg.

Seks tonn veg denne rulletrappa som vart henta ut frå tidlegare Fokus kjøpesenter laurdag kveld.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Det var ein omfattande operasjon for å fjerne rulletrappa.  Foto: Roy-Arne Folkestad

No må folk gå trappa når dei skal opp i andre etasje frå nedsida av Ørsta Torg. Men pust ut, der kjem ein heis.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det kunne sjå kaotisk ut utanfor Ørsta Torg laurdag kveld rundt barne TV-tid. Butikkdrivarane hadde gått heim, og trafikken hadde roa seg. Og det var då fagfolka frå Bøstrand og Ivar Aambakk kom på bana med bilar og kraner. Operasjon rulletrapp kunne starte.

- I samband med at vi jobbar med nye lokale til Lånekassa, skal vi ta vekk rulletrappa i andre etasje. Og for å gjere det, må vi også fjerne ruleltrappa i nedste høgda. Vi skal erstatte den med heis, fortel styreleiar i Eiksundregionen Eigedom AS, Thomas Lundberg.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre eig Ørsta Torg gjennom dette selskapet.

Rulletrappa vog seks tonn, og det vart presentert fagarbeid av klasse då den vart lirka ut gjennom eit vindauge ved inngangsdøra, ved Sissel Blomster og Intersport.

Rulletrappa vart realisert i samband med at Fokus kjøpesenter vart bygt på slutten av 80-talet.

No er tretti års trappehistorie rulla ut frå bygget.