Rekordvarmt og rekordtørt i Ørsta

I juli i fjor vart det målt rekordtemperatur på 33,2 grader ved Ørsta-Volda lufthamn. I november vart det registrert berre 19,6 mm med nedbør. Også det er rekord.

Rekordvarmt: 28. juli vart det sett ny varmerekord i Ørsta med 33,2 grader og folk kosa seg ved Hovdevatnet. Samla sett var 2018 eit tørt år samanlikna med 2017.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Normalen for nedbør i Ørsta er 2.163 mm i løpet av eitt år. 2917 vart eit svært vått år med ein samla nedbør på 2.739 mm 2018 vart ganske annleis der det enten kom svært mykje nedbør i løpet av ein månad eller svært lite.

Vêrmålingane til Arild Stokke viser ein totalnedbør på 2.022 mm i løpet av 2018. Første halvdel av 2018 gav oss lite nedbør og mykje stabilt vêr. Mars vart ein unormal kald månad. Snittemperaturen var minus 1,2 grader, 3,1 grader under normalen. Det tørre vêret heldt fram i mai, juni og juli. 28. juli vart det og sett ny offisiell varmerekord i Ørsta på 33,2 grader. Den vart målt på Ørsta-Volda lufthamn. Gjennomsnittstemperaturen i mai-juli var rekordhøg i Ørsta, som dermed kom på den lange lista over stader der det vart sett varmerekordar i 2018.

Gloheit juli

Juli var varmaste månad med ein gjennomsnittstemperatur på 16,6 grader ifølgje yr.no. Meteorologane reknar med at det vert vanlegare i framtida med ekstremt varme somrar.Det gode sommarvêret gjekk frå rekordvarme til store nedbørsmengder i august. 245 mm med nedbør kom det, men det var mykje meir regn i vente i september. Stokke registrerte 513 mm med nedbør, og det var nær den offisielle nedbørsrekorden for september frå 1966 med 520 mm. Oktober vart og våtare enn normalt med 392 mm med nedbør, normalen er 270 mm. I november kom det knapt nedbør.– 19,6 mm med nedbør vart registrert og normalen er 260 mm. Det kom mest nedbør 2. november med 8 mm. Snittemperaturen for månaden var 5,5 grader. Det er 3,2 grader over normalen.

Rekordtørr november

Aldri før har det kome så lite nedbør i november.

– I 1993 kom det 24 mm og i 1900 regna det 35 mm. Det er det tørraste som har vore målt i Ørsta, seier Stokke, som har ofisielle data sidan målingane byrja .

Desember avslutta året om lag som normalt.

– Det vart 193 dagar med nedbør i 2018. I 2017 var det 255 dagar. Snittemperaturen var 7,1 grader, og det er 1,1 grader over normalen. Det var og 1,1 grader over normalen i 2017, opplyser Stokke.