Her er søkarlistene

Høgskulen skal ha tre nye avdelingsleiarar

Tre dekanstillingar er lyst ledige, og det har kome 15 søknader

Tre avdelingar ved Høgskuken i Volda skal ha nye dekanar.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Tre dekanstillingar er lyste ut i fireårige åremål, og søknadsfristen gjekk ut ved årsskiftet. I alt var det 15 søkjarar på stillingane, men fleire søkjarar har søkt på fleire av stillingane.

– No skal eit utval sett ned av høgskulestyret vurdere søkjarane og gjennomføre intervju med dei som er aktuelle. Høgskulestyret tilset dekanar på møtet i mars. Åremåla tek til 1. august 2019, skriv Høgskulen i ei pressemelding.

Ved avdeling for Samfunnsfag har Odd Ragnar Hunnes vore dekan i ei årrekkje, men han søkjer ikkje om nytt åremål.

Det har meldt seg i alt fem søkjarar på stillinga som dekan ved avdleling for Samfunsfag. Dei er i alfabetisk rekkjefølgje: PhD Mashood Sheikh Ahmed (37) Tromsø, Ola Goverud Andersson (38) Tromsø, dosent Randi Bergem (55) Volda, førsteamanuensis Kjetil Anders Hatlebrekke (48) Oslo og Branch Bank Deputy Abbas Malakouti Khah (38) Iran. 

Lærarutdanninga

Ved avdeling for lærarutdanning har Arne Myklebust vore dekan, og han søkjer om eit nytt åremål.

Det har meldt seg seks søkjarar på stillinga. Dei er i alfabetisk rekkjefølgje: Syed Toqueer Akhter (51) Oslo, PhD Mashood Sheikh Ahmed (37) Tromsø, Branch Bank Deputy Abbas Malakouti Khah (38) Iran, Dekan Arne Myklebust (60) Gloppen, Instituttleiar Tore Nesheim (54) Alta, Salgsdirektør Tor Ose (47) Ørsta.

– Søkjarlista til dekanstilling i avdeling for Kulturfag er førebels ikkje tilgjengeleg av praktiske årsaker, opplyser Høgskulen i Volda.

Her har Aud Folkestad vore dekan i tre periodar, og ho kan dermed ikkje søkje på nytt.