Frå suksess til fiasko

Her tapte KA Aurstad 80 millionar

Store tap på eit vegprosjekt i Sør- Trøndelag vert trekt fram som hovudårsaka til at KA Aurstad måtte slå seg konkurs.
Nyheiter

For vel ein månad sidan fekk E6 Frya – Sjoa «vakre vegers pris» for 2018. KA Aurstad var ein av hovudentreprenørane for utbygginga. For to år sidan vann dei kåringa Årets anlegg for same prosjektet

Under bygginga av den 33 kilometer lange vegen, med fleire bruer og tunnelar, fekk Aurstad sine fagfolk vise kva er gode for. Dette var eit prestisjeprosjekt der Aurstad kapra ein kjempekontrakt saman med det fleirnasjonale selskapet Implenia.