- Langing av alkohol medfører skadar

Vinmonopolet har i desse dagar i gang ein landsfemndande kampanje mot langing av alkoholhaldige varer.

Langing: Granskingar syner at det framleis er mange vaksne som kjøper alkoholhaldige varer til mindreprige. Det er forbode.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– TNS Gallup har hatt ei undersøking som er gjennomført blant ungdom og tenåringsforeldre. Svara viser at fleire mindreårige på vidaregåande skule hadde drukke seg fulle på alkohol dei har fått av eldre venner, fortel styrar Anne Karin Brautaset Bae ved Vinmonopolet i Ørsta.

Granskinga syner at 30 % av ungdom i alderen 15 til 20 år har drukke så mykje at dei har opplevd blackout.

– Vaksne som langar alkohol har eit stort ansvar for konsekvensane som kan oppstå, understrekar Brautaset Bae.

Ein av tre vaksne oppgir å ha langa til mindreårige.

– Hovudbodskapen i kampanjen vi har no, er retta mot eldre søsken og eldre vener som kjøper til mindreårige, og at langing ofte medfører betydelege skadar, l seier Brautaset Bae.

Det er forbode ved norsk lov å lange.

– Folk kan få bot på fleire tusen kroner, prikk på rullebladet og bli nekta innreise til f.eks. USA og Australia, fortel Brautaset Bae.