Skadeskyting i Follestaddalen

Hjort  Foto: Illustrasjon

Nyheiter

Viltnemnda melder om skadeskyting på Øye i Follestaddalen.

– Det vart funne ein stor hokalv søndag 7. oktober klokka 09.30 på innmark på Øye jaktfelt. Hjorten var skote i bringa og kutta av venstre øyre med kniv. Det kan tyde på at ansvarleg for skytinga har funne dyret etter at ramn og kråke starta å ete på dyret. Det er viltforvaltninga i kommunen som har kontroll av hjort og som skal skjere av øyre som bevis på at kontroll er utført, difor er dette brot på ettersøksplikta.