Friluftsrådet arrangerte aktivitetsdagar fem stader på Sunnmøre i haustferien. Torsdag var det Ørsta sin tur, og her var det vêrmessig full klaff. På den finaste dagen i haustferien så langt kom om lag 40 unge og vaksne til Lavo-campen ved ungdomsskulen.
– Vi har leika, leita etter lappar og laga mat på bålet, fortel Astrid Endal Myrene, som deltok saman med broren Sigve og pappa Kåre.
Kom seg ut: Sigve Endal Myrene, Jonas Ralph Jacob, Astrid Endal Myrene og Kåre Myrene Foto: Svein Aam
Dette er eit lågterskeltilbod utan påmelding. Sunnmøre friluftsråd har leiarar til stades, som riggar campen og legg til rette for aktivitetar. I Ørsta var det mange frå SFO som deltok, og det gjorde også dei som jobbar der. Så det var mange vaksne på plass for å aktivisere borna.
– Det har vore stor interesse, både her og i Volda, seier Marit Svarstad Andersen i Sunnmøre Friluftsråd.
Blindebukk var ein populær aktivitet då Møre-Nytt var på besøk.
Blindebukk: Sina Jetmundsen Hovde (7) og Jasmine Kristoffersen (7) Foto: Svein Aam
– Vi har laga skattkiste, baka brød på bålpanna, klatra i taubane og teikna med kolstiftar. Og mykje anna, fortel Marit Svarstad Andersen